Bli abonnent – få full digital tilgang!
OL-tilbod: Kun 1 kr ut mars!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

— Alle kan sjå at dette ikkje er natur, men industriområde, skriv Sverre Martin Strand.

debatt

Vindkraft i Vindafjord

Dette er eit lesarinnlegg. Innhaldet gir uttrykk for skribenten sine eigne meiningar og haldningar.

Då eg begynte å gå i fjella på -70 og -80 talet, var det ein vanleg oppfatning at kraftutbyggjinga hadde øydelagt mykje natur, men me hadde fått lettare tilgang til mange fjell, og så var jo straumen billig. Men ein kar fortalde at han hadde vore i Valldalen og sett tuftene etter dei gamle setergrendene, i ein periode dammen var nedtappa, og han sa: ”Er denne kraftutbygginga verkeleg verdt det?” Men "gjort er gjort og spist er spist", som han sa bamsen i Hakkebakkeskogen.

Nå vil dei gjera tilgangen vanskelegare til nokre fjellområde på grunn av villreinen, men kraftutbyggjing og jegerar forstyrrar sjølvsagt ikkje villreinen. Samtidig som me vanlege folk, skal få vanskelegare tilgang til dei store fjellområdene (i alle fall 2 turisthytter ved Ringedalsvatnet som eg har brukt, er borte frå kartet) så vil myndighetene teppebomba dei fjella me fortsatt kan nå enkelt, med vindturbinar, vegar og kraftlinjer. Enkelte seier me må tola litt, kvifor skal me tola dette? For at rike firmaer skal bli endå rikare? For at komunen skal få meir pengar? Medan me vanlege innbyggjarar får ulempene. Me har allerede tolt mykje med den kraftutbygginga som har vore.

Powered by Labrador CMS