Ein fersk studie har sett på effektane av å gå tur medan ein blir undervist. Studentane som deltok, var svært positive til opplegget.
Foto: Sara Johannessen Meek / NTB/ NPK
Underviste studentar på gåtur: Berre gode tilbakemeldingar
Det er førsteamanuensis og framandspråklærar Karen Bauer på Institutt for lærarutdanning ved NTNU som har gjennomført studien.
– Målet mitt var å bryte med den tradisjonelle undervisningsforma der studentane sit, til fordel for ein variant som integrerer rørsle, seier Karen Bauer til Gemini.no.
Ho testa ulike aktivitetar i eit pilotprosjekt og landa så på ein metode der ho la diskusjonsfasar utanfor klasserommet.