Lars Olav Bergsvåg, er på Ljoshall-tomta, er forundra over at Statens vegvesen vil bruke over ein halv million kroner i eit forsøk på å sleppe å betale UL Fram 125.000 kroner i erstatning for arealet dei eksproprierte.
FOTO: TORSTEIN TYSVÆR NYMOEN
— Underleg av Vegvesenet
Lars OIav Bergsvåg viser til at Haugaland tingrett i si handsaming av eit skjønn avgjorde at Statens vegvesen skal betale UL Fram 125.000 kroner i erstatning for arealet som er ekspropriert frå den 1,2 mål store tomta kor det tidlegare ungdomshuset Ljoshall i Etne sto før det brann ned i desember 2005.
Men dette vil ikkje Statens vegvesen godta. Dei vil ikkje betale ei krone, då dei meiner verdien på tomta tvert om har auka etter at dei bygde gang- og sykkelveg forbi. Dei har kravd overskjønn hos Gulating lagmannsrett.
Dette får ungdomslaget til å reagere.