Marknadsdirektør i Klarna Norge, Thomas Elvestad, trur netthandelen i store byar er høg fordi tilbodet er breiare, blant anna kan forbrukarane får daglegvarer på døra.Pressefoto
Under snittet i netthandel
Netthandelen tar stadig ein større del av kaka i den private økonomi. Folk i Vindafjord og Etne kommune er likevel ikkje av dei ivrigaste i landet, ifølgje tal frå betalingssystemet Klarna.
I ei internasjonal undersøking har Klarna kartlagt handelsvanane i andre kvartal 2022 i 13 av dei største internasjonale landa. Undersøkinga er gjort både ved hjelp av betalings- og shoppingløysningane sine salsdata, og ein representativ undersøking utført blant meir enn 14.000 personar.
Her kjem det fram at éin av fire nordmenn (23 prosent) svarte at dei netthandla kvar veke eller oftare i perioden. Det er noko høgare enn i fjorårets mest intensive shoppingperiode, 4. kvartal 2021. Storbritannia og USA har dei ivrigaste netthandlarane, der tilsvarande handel var høvesvis 44 og 43 prosent. Også langt fleire svenskar netthandla kvar veke enn nordmenn (30 prosent).
Noreg er, saman med Finland, det vestlege landet kor færrast oppgir at dei har handla per veke eller oftare på nett i løpet av andre kvartal i år. Mest per innbyggar toppar Oslo så langt i 2022. Berlevåg i Troms og Finnmark er den kommunen kor det har vore handla for mest per person.