— Ulovleg oppført
Ein hytteeigar i Vikebygd må rive garasjen, har utval for drift, utvikling og kultur (DUK) vedtatt. Utvalet behandla ein klage frå eigaren etter at det tidlegare var gitt eit administrativt pålegg om å rive. Kommunen meiner garasjen er ulovleg oppført i strid med regelverket, og vil ikkje gi dispensasjon. Eigaren meiner han handla i godt tru og at det vil ramme han urimeleg økonomisk dersom riving blir utfallet. Han viser til at det er gitt dispensasjon for ein carport tidlegare. Kommunen framhevar på si side at det i hyttefelt ikkje er lov å setje opp frittståande garasjar.