Bilde frå lunsjen med DK-Gruppa. F.v.: Silje Kathrine Økland, Taisija Baukis, Mariia Kondratenko, Antonina Posokhina, Yelyzaveta Borysevych (Lisa), Mariia Vlasiuk, Eva Vatnedal Nordtveit, Helena Eilertsen, Vilde Sandvik og Désirée Sonja Klage Håheim. FOTO: JOHANNES LANGHELLE/ØLEN VGS
Bilde frå lunsjen med DK-Gruppa. F.v.: Silje Kathrine Økland, Taisija Baukis, Mariia Kondratenko, Antonina Posokhina, Yelyzaveta Borysevych (Lisa), Mariia Vlasiuk, Eva Vatnedal Nordtveit, Helena Eilertsen, Vilde Sandvik og Désirée Sonja Klage Håheim.

Lesaren melder

Ukrainske elevar på besøk

LESARBIDRAG: I ein hjarteleg og varm velkomst har Ølen vidaregåande skule motteke ukrainske gjestar frå Korosten, ein by nordvest i Ukraina. Dette besøket markerer eit langvarig samarbeid som har vart sidan 2003, der elevane ved Ølen vidaregåande skule har samla inn pengar til elevar i Korosten gjennom solidaritetsaksjonen, Dagsverk Korosten».

Fyrst var det pandemien, og så krigen, som gjorde ei reise for elevar frå Ølen vgs til Korosten umogleg å gjennomføre. Skulen fekk då innvilga å få nytte støtta frå Rogaland Fylkeskommune til at elevar frå Korosten kunne kome til oss i staden. Med hjelp frå THK-stiftinga, dagleg leiar Vidar Akselsen og koordinatoren Sergeiy, kunne han og ein delegasjon på seks andre ta fatt på den lange reisa frå Korosten.

På Ølen vgs fekk alle dei 300 elevane på skulen høyre om korleis elevane frå Ukraina opplevde starten på krigen og korleis dei har det no. Alle reiste seg og stod når nasjonalsongen til Ukraina vart sunge av Lisa (Yelyzaveta Borysevych). Mange sterke historier vart fortalde og elevane sat lydhøyre og høyrde på det ungdomane og dei vaksne fortalde om livet no og draumane for framtida for seg sjølve og landet sitt.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS