Illustrasjonsfoto: Marius Helge Larsen / NTB / NPK

Tysdag får Sør-Noreg den høgaste straumprisen i heile Nord-Europa

Publisert Sist oppdatert

Tysdag får Sør-Noreg den dyraste straumen i Nord-Europa. I Nord-Noreg blir straumen billigast.

Tysdag ettermiddag kjem straumprisen opp i 2,22 kroner per kilowattime i Sør-Noreg. Det betyr at landsdelen får den dyraste straumen i Nord-Europa, i timane mellom klokka 17 og 19, skriv NRK.

Den dyre straumen kjem hovudsakleg av det kalde vintervêret i Noreg og dei andre nordiske landa.

For første kvartal neste år, mellom januar og mars, er prisen for Sør-Noreg venta å vere på rundt 115–120 øre per kilowattime.

Samtidig som forbrukarane sør i landet får den dyraste straumen i Nord-Europa, får Nord-Noreg dei lågaste straumprisane i heile Europa tysdag.

Den lågaste timeprisen i nord er på 24 øre per kilowattime, natt til tysdag. Dyrast blir det klokka 9 tysdag morgon, med ein pris på 38 øre per kilowattime.

I Midt-Noreg blir døgnprisen på 50 øre per kilowattime.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS