Gudrun Margrete Dyrseth i FAU Imsland ser med uro på om skulen til sønene Theo Dyrseth Svandal (t.v.) og Leon Dyrseth Svandal skulle bli lagt ned. FOTO: PRIVAT
Gudrun Margrete Dyrseth i FAU Imsland ser med uro på om skulen til sønene Theo Dyrseth Svandal (t.v.) og Leon Dyrseth Svandal skulle bli lagt ned.

Vindafjord-budsjettet

Tungt med ny nedleggings-runde

Publisert Sist oppdatert

— Eg synest at det er ein tung situasjon. Det kjennest frustrerande å aldri kunne få fred frå saka, seier Gudrun Margrete Dyrseth i FAU Imsland.

Ho viser til at det ikkje er så lenge sidan dei stod oppe i saka under prosessen med barnehage- og skulebruksplanen i 2022. Tysdag blei saka løfta opp igjen av kommunedirektør Yngve Folven Bergesen, som presenterte sitt forslag til budsjett for 2025 og økonomiplan for 2025–2028. Han føreslår å leggje ned skulen på Bjoa og heile Imsland oppvekstsenter.

Dialog med foreldre

Imsland oppvekstsenter er ifølgje Dyrseth ein av dei viktigaste stadene for fellesskap i bygda. I tillegg til skule- og barnehagedrift er bygninga tett knytt opp mot aktivitetar på fritida, ofte i samspel med Imsland bygdahus, som under 17. mai-feiringa. Å miste samlingspunktet, trur ho, vil ha store ringverknader. For Dyrseth personleg har ho to søner på skulen som ønskjer å gå på skule i Imsland.

Per tysdag synest ho det er vanskeleg å seie konkrete konsekvensar for bygda av ei eventuell nedlegging. FAU hadde planar om å halde fram dialogen med foreldre gjennom dagen, og vil kalle inn til eit møte neste veke. I tillegg til foreldra ønskjer dei å høyre kva tankar politikarane har, så vel som kommunen. Ho ønskjer å få svar på visjonar og mål kommunen har, og kva dei meiner bygdene skal leve av i framtida.

— Utvikling er ein viktig ting for bygda og kommunen. Å få legge ein plan for korleis det skal fungere i framtida til Imsland kan vere ein del som er viktig å ta tak i no, seier Dyrseth.

Nedlegging av oppvekstsenteret vil, slik ho ser det, ha påverknad på om folk vil flytte til Imsland. Ho er usikker på om det kjem til å bli like mykje folkeleg engasjement som i 2022.

— Eg vil tru at det er ei oppgittheit rundt det, fortel Dyrseth.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS