Dåverande ordførar Sigve Sørheim opna ein hurtigladestasjon i 2014. Sidan den gongen har det komme langt fleire ladestasjonar, og med støtte frå ordninga Klimasats skal det byggast fleire kommunale ladestasjonar. Arkivfoto
Trongt om ladeplassen
Talet på elbiler aukar framleis kraftig her i landet, men utbygginga av ladestasjonar følgjer ikkje etter det gode elbilsalet. Difor startar Elbilforeningen i desse dagar ein kampanje kor dei oppfordrar alle elbilistar til å bli flinkare til å dela tilgjengelege ladeplasser.
— Parker berre på ladeplass om du har behov for lading. Andre elbilistar kan trenga plassen din, oppfordrar Christina Bu, generalsekretær i Norsk Elbilforening, og legg til.
— Samtidig må utbygginga av ladeplasser følgja den auka elbilbestanden. Her må lokale og nasjonale styresmakter ta større ansvar.