Trekkspel, fiskestong og god stemning på Fjæra
Få ting slår kombinasjonen av frisk fjordluft, lukt av gjærbakst og lyden av ei startfløyte som kallar fiskarane til konkurranse. På årets fiskefestival i Fjæra var både vêr, innsats og humør på topp – og ikkje minst temperaturen. Ein av dei som søkte fiskelykka på kaien, var sjuåringen Emilian frå Løten, og han skal me komma nærare tilbake til.
Termometeret viste 26 varmegrader i skuggen, og det var ikkje rart at salet av kalde drikker gjekk unna i rekordfart.
Musikalsk stemning på kaien