Skal kommune overta alt, eller kanskje berre kjøpe ut idrettshallen i Skakke? Det er eit av alternativa som er fremja for å redde økonomien til stortstova.ARKIVFOTO
Tre ulike forslag til Skakke-løysing
UL Fram, Etne IL og Etne kommune har tre ulike syn på korleis pengeknipa til storstova Skakke i Etne skal løysast.
Den økonomiske drifta til kulturhuset Skakke i Etne har vore til bry for styret heilt sidan bygget blei opna i 2012. Og no hastar det å finne ei løysing, for i skrivande stunde er dei økonomiske forpliktingane i ferd med å styre det som er både kulturhus, kino og idrettshall mot det som liknar ein uunngåeleg konkurs.
Dei siste månadane har eigarlaga saman med eit kommunalt utval som består av kommunedirektør Filippo Ballarin, ordførar Mette Heidi Bergsvåg Ekrheim, varaordførar Andreas Grumheden og Frp sin gruppeleiar Kenneth Karlsen, arbeidd med å finne løysingar som skal sikre Skakke SA ei berekraftig framtid. Men så langt har ein ikkje nådd fram til semje. Tvert imot ligg det tre forslag på bordet. I eit ekstraordinært årsmøte i Skakke SA 15. mars blei det vedtatt at eigarlaga må vurdere og prioritere blant dei tre forslaga. Etne formannskapet skal tysdag vedta kva mandat kommunen skal gå til årsmøtet med.
Alternativ 4