34 prosent av nordmenn er ikkje i stand til å symje 200 meter utan pause, viser ei fersk undersøking.
Foto: Tryg.
Tre av ti har aldri sumt 200 meter
I ei spørjeundersøking gjort for Tryg Forsikring svarar 34 prosent at dei aldri har klart å symje 200 meter utan pause i sjø eller ferskvatn.
– Det er dessverre altfor mange som ikkje sumt godt nok seier Christer Kjørsvik, kommunikasjonssjef i Tryg. Tidlegare undersøkingar har vist at norske tiåringar er dårlegast til å symje i Norden.
– Den nye undersøkinga viser at også blant vaksne er det altfor mange som slit med å symje, særleg i aldersgruppa 30 til 39 år. Det er også fleire kvinner enn menn som svarar at dei ikkje har klart symje 200 meter, seier Kjørsvik.