Trailer brann opp
Sjåføren uskadd frå dramatisk brann.
Ingen kom til skade då det tok dyr i eit utanlandsk vogntok på Fv 48 mellom Håland og Skånevik rundt kl 12.30 fredag.
Lars Gunleiksrud som tilfeldig kom køyrande forbi frå Skånevik, såg at noko var på ferde og stoppa.
— Eg såg at sjåføren stod ute. Det røyk frå lastebilen, og etter få minuttar stod nesten heile det stor vogntoget i flammar, seier Gunleiksrud til Grannar.
Det kom også kraftige eksplosjonar etter at det det hadde gått hål på dieseltanken. Truleg starta brannen i motoren.
Vogntoget som var på veg mot Skånevik, var lasta med stål. Berre den bakre delen av hengaren unngjekk flammehavet. Traileren stod parkert på ei lomme veg vegen like ved Vatndalsvatnet. Det danna seg køar i båe retningar fordi trafikken ikkje kom forbi på grunn av varme, eksplosjonfare og redningsarbeidet.
Både brannvesen frå Skånevik og Etne rykte ut og fekk raskt kontrol over brannen.