Trafikkuhell etter forbikøyring med drosje
Det var cirka klokka 01.10 natt til laurdag at det skjedde eit trafikkuhell i samband med ei forbikøyring i Skjold.
Det var ei drosje som føretok ei forbikøyring av ein traktor. I samband med dette mista drosjesjåføren kontrollen over bilen på det glatt føre, og fekk eit lettare samanstøy med ei tredje køyretøy, opplyser vaktsjef Dan Magne Gaard ved Haugesund politistasjon.
Politiet var på staden klokka 01.25. Dei kunne då konstatera at det ikkje var personskade, men nokre mindre materielle skadar. Vegen vart rydda for bildelar av eit bilbergingsfirma som var kome til staden. Brann og redning var òg rykka ut frå stasjonen i Skjold.