Kjersti Haugland sluttar i Norges Bank og går over til DnB til ein av landets mest profilerte stillingar innan økonomi og finans. Arkivfoto
Toppjobb til Kjersti Haugland
Haugland er eit kjent fjes i banken. 38-åringen jobba seks år som seniorøkonom i DNB Markets før ho gjekk til Norges Bank for å bli assisterande direktør i eininga for politikk og analyse frå 1. januar i år.
Nå erstattar ho Øystein Dørum, eit kjent fjes på tv og aviser, som sjeføkonom for DNB og DNB Markets og skal leia teamet som har ansvar for makroøkonomisk analyse i banken.
— Me kjenner Kjersti godt frå før, og veit at ho er høgt verdsett både av kundar og andre interessentar. I tillegg kjenner me ho som ein hyggeleg kollega som er godt likt i DNB. Me er veldig glad for at ho vil koma tilbake til oss, seier Ottar Ertzeid, sjef for DNB Markets i ei pressemelding.