Bjørn Eidsvåg skulle i 2020 spela på Rootsen for aller første gong. Nå er artisten frå Sauda klar for sin debut i Vikedal.
Pressefoto: Janne Rugland
Toppar med Bjørn Eidsvåg
Roots-arrangøren er tidleg ute med neste år festivalprogram. Berre to namn står igjen å offentleggjera når julefreden senkar seg over Vikedal. Bjørn Eidsvåg er headliner laurdag 11. juli.
Trass i at festivalen nå har halde det gåande i 21 år, er dette første gongen saudabuen Eidsvåg (65) står på scena i Vikedal. På toppen av plakaten fredag kveld står Henning Kvitnes og hans band.
Etter at Vikedal Roots Music Festival i haust fekk inn nye styre- og komitémedlemar har det blitt god tid til bookingarbeid. Og følgjarane på sosiale medium har fått med seg at dei fleste av artistane er blitt offentleggjort fram mot jul.