Tommel opp for mange aktivitetar ute i det fri
Etter ein våt aktivitetsdag i fjor, kom sola fram denne gongen. Over 100 personar fann vegen ti l Osnes til grilling, sjøaktivitetar, natursti og meir på friluftsdagen.
Leiar for aktivitetsdagen og dagleg leiar i Etne frivilligsentral, Solveig Kvamme, var veldig nøgd med at over så mange tok turen til Osnes. Ho forklarer at dette er fjerde året aktivitetsdagen vert gjennomført under friluftsuka.
Tidlegare har det vore mogleg med overnatting på Osnes, men grunna koronapandemien har dette vore vanskeleg å få til dei seinare åra, og er noko ein håpar å få til neste år. Då hadde ein felles middag, og moglegheit til å sova i båe hengekøy og lavvo. Kvamme fortel at dagen er eit samarbeidsprosjekt mellom Etne frivilligsentral, Etne Turlag, Etne Speidarar, Etne Røde Kors, og Etne Jeger- og Fiskerforening.
Endeleg mogleg å møtast