Inger Constanse Eidhammer Lunde frå Etne sikra seg to gull under kretsstemne i Haugesund tysdag.
Foto: Privat
Tok to sigre på kretsstemne
— Eg er nøgd med løpet, men eg hadde dårlege tider grunna motvind, seier den ferske gullmedalje-vinnaren Inger Constanse Eidhammer Lunde frå Etne som representerer HIL.
Ho vann 100-meter med tida 12,85 og 200-meter med tida 26,92 i konkurranse med lagkameratane frå Haugesund IL.
Tida ligg litt under personleg rekord på 12,45 på 100-meter og 26,12 på 200-meter, og den raske etnebuen fryktar litt for forma når ho om ei dryg veke skal stilla til start under junior NM i Kristiansand.