På tampen
Togturen som tok ei anna retning
Vi var ikkje komne lengre enn til Dale stasjon, to stasjonar unna Bergen, før det kom inn ein høg og ung mann kledd i svart, med langt hår og fleire tatoveringar. Eg trekte inn pusten idet eg kjende røyklukta som kom frå han. Unnskyld, setet ved vindauget er mitt», sa han medan han såg på meg. Eg prøvde å late som om eg ikkje vart skuffa, og gav han eit forsiktig smil før eg flytta sekken min. Eg gjekk rett i offerrolla og syntest synd på meg sjølv for at eg måtte halde ut med denne mannen og røyklukta i nesten sju timar til.
Plutseleg tok fyren opp ei bok frå sekken sin. Hamlet. Shakespeare.» stod det med store bokstavar på boka. Eg vart overraska over at han las noko skrive av ein av mine favorittforfattarar. Eg hadde ikkje sett for meg det, liksom. Medan eg sat og grubla over dette, kom eg plutseleg på at fotballaget mitt spelte kamp, så eg tok fram mobilen for å sjekke stillinga.
Er du også United-fan?» spurde han meg plutseleg.
Ja!» svara eg litt overraska.
Dumt det ikkje har gått så bra i det siste då», heldt han fram.
Det skulle bli starten på ein nesten sju timar lang samtale på toget til Oslo. Og medan eg sat der på toget og hadde djupe samtalar om alt frå Shakespeare, Manchester United og livet, skamma eg meg over alle dei negative tankane eg hadde hatt om denne fyren før me i det heile tatt hadde utveksla eit ord. Vi var jo faktisk mykje meir like enn det eg nokon gong kunne ha gjetta. Simon, som han heitte, har kome inn i vennegjengen min i Oslo, og me møtest stadig for å sjå United spele kamp. Sjølv om me sjølvsagt er svært ulike på mange ting, har vi faktisk også overraskande mykje til felles.
Har du også nokon gong dømt nokon på førehand ut frå korleis dei går kledd eller kva tittel dei har? Det har eg mange gonger, og eg gjer det framleis. Heldigvis er det også heilt menneskeleg. Men vi menneske har ofte meir til felles enn det vi trur. Det handlar om å vere nysgjerrige og opne for andre. Tenk om vi kan sjå meir på alt det vi har til felles framfor alt der vi er ulike? Eg lurar på kor mange venskap og gode historier som kan oppstå då.
Emma Bjelland Ingebrigtsen