Tøft for kulturhusa – vanskeleg å planlegga
Sandeid samfunnshus er berre eitt av dei mange kulturhusa som måtte forsaka det meste som stod på plakaten i fjor, grunna pandemi. Det ser ikkje så mykje lysare ut i starten på 2021 heller.
2020 var året då både barne- og vaksenteater skulle få folk til å le og kosa seg i salen på Sandeid samfunnshus. Kvar veke skulle den tradisjonelle bingoen funne stad, huset skulle vore fullt av festkledde folk på nasjonaldagen, og på tampen av året skulle julebordsglade menneske få både eta seg stappmette, og svinga seg i dansen. I tillegg skulle det markerast at samfunnshuset hadde fylt 100 år.
I staden har kulturhuset stått tomt. Lyset har vore skrudd av, og det nærmar seg eitt år sidan det sist var lått og løye mellom veggene.
— Koronapandemien gjorde at me måtte forsaka det meste, seier styreleiar i Sandeid samfunnshus, Terje Miljeteig.