To unge menn omkom
Kolliderte med vogntog.
Ein 21-åring og ein 24-åring omkom då bilen dei sat i koliderte med eit vogntog på E134 mellom Ølen og Ølensvåg tysdag ettermiddag. Den yngste av dei to mennene køyrde ein firmabil på veg vestover frå Ølen til Haugesund.
Namna på dei to omkomne blei offentleggjort onsdag: Dan Mikal Glesnes (24) frå Stord og Tarjei Gundersen (21) frå Haugesund.
Den 40 år gamle sjåføren i vogntoget kom ikkje til fysisk skade, men er prega av hendinga, opplyser operasjonsleiar Agnar Martin Austerheim ved Haugaland og Sunnhordland politidistrikt tysdag kveld. Yrkessjåføren er avhøyrt av politiet, og blir fylgt opp av kollegaer og sin sjef i bedrifta han køyrere for.
Arbeidskollegaer
Ulykka blei meldt kl. 15.07 og naudetatene rykka raskt ut med alt tilgjengeleg personell. Europavegen var ein periode etter den kraftige ulykka stengt, men blei etter ei stund opna for trafikk ved dirigering.
Kl. 18.30 kunne politiet stadfesta at dei to som sat i personbilen, omkom i ulykka. Det hadde falle ein del nysnø denne ettermiddagen, og det var glatt vegbane då ulykka inntraff.
Dei omkomne var arbeidskollegaer, og var på veg heim etter sin arbeidsdag i Ølen. Begge to er busette i politidistriktet. Politiet har førebels ikkje gått ut med nærmare opplysningar om dei omkome.
Uavklart årsak
Politiet og ulykkesgruppa frå Statens vegvesen var rundt kl 20.00 tysdag kveld i ferd med å avslutta granskinga på åstaden, og E134 er nå open for alminneleg ferdsel. Begge kjøretøya vil bli nærmare undersøkt hos Statens vegvesen
Vindafjord lensmannskontor vil etterforska saka vidare.
— Årsaka til ulykka er ikkje avklart, men det kan tyda på at personbilen har kome over i motsett kjørebane, seier operasjonsleiar Agnar Martin Austerheim hos politiet.