Det var mange som møtte fram på Skånevik Fjordhotell då Kristine Ebne (med mikrofon), Eileen Selland og Erik Kvalheim presenterte arealplanen i august 2023.
Foto: Grethe Hopland Ravn
To planar ute på høyring
Den eine gjeld endringar i kommuneplanen sin arealdel knytt til føresegner om naturfare, mens den andre er ein temaplan for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv. Kommunen opplyser på sine heimesider at dei ønskjer innspel frå innbyggjarar, lag og organisasjonar før planane skal vidare til politisk behandling.
Etne kommune foreslår ei mindre endring av kommuneplanen sin arealdel for perioden 2023–2030. Endringane gjeld konkrete føresegner om naturfare, og inneber ei justering av fleire paragrafar. Målet er å gjera det mogleg å gjennomføra visse mindre tiltak utan dispensasjon der naturfaren er vurdert som låg, og der det ikkje er krav om fagkyndig vurdering av risiko.
Kommunen peikar på at endringa skal gi større føreseielegheit for tiltakshavarar og redusera unødig byråkrati, samtidig som krava til sikker utbygging står fast. Forslaget er sendt på høyring etter plan- og bygningslova, og samarbeidsinstansar som NVE og Statsforvaltaren er varsla. Høyringsfristen for endringa i arealdelen er 18. desember 2025, blir det opplyst.