To mista lappen
To sjåførar mista førarkortet i ein fartskontroll på E134 nær Fikse mellom Ølen og Etne seint natt til søndag. I alt fire vart tatt for høgare fart enn lov er, og to av dei måtte altså gi frå seg førarkortet. Høgaste fart i 60-sona var 91 km/t, melder Sør-Vest politidistrikt sin operasjonssentral i Haugesund. Kontrollen vara i eit par timar fram til halv seks der det også vart sjekka lys på bilane.