Til neste vår kan Knut Sandvik tilby humanistisk konfirmasjon på kulturhuset i Ølen.
Foto: Irene Mæland Haraldsen
Tilbyr humanistisk konfirmasjon på kulturhuset
Til våren treng ikkje ungdommar som ønskjer eit alternativ til den kyrkjelege konfirmasjonen å dra heilt til Haugesund for å bli konfirmert. Då held det med ein tur til kulturhuset i Ølen.
— Det er første gong me skal ha seremoni i Ølen. Seremonidato er 10. mai 2025 på Ølen Kulturhus. Dette blir spanande, seier Knut Sandvik frå Bjoa.
Han har tatt på seg oppgåva med å vera både kursleiar og seremonileiar for konfirmantar frå Etne og Vindafjord som ønskjer humanistisk konfirmasjon. Kurset er fordelt på 10 kurskveldar med start januar 2025, og frist for å melda seg opp til konfirmasjon er sett til oktober. Så langt har 10 ungdommar meldt si interesse, og Sandvik ser ikkje bort frå at det kan bli enda fleire.
— Me håpar på to grupper og to seremoniar. Me kan ta rundt 15 i kvar gruppe. Eg skal vera kursleiar for ei gruppe og blir det fleire vil dotter mi Vilde hjelpa til, seier Sandvik.