Kommunedirektør Åsmund Andersen Sekse (t.v.), ordførar Mette Heidi Bergsvåg Ekrheim (Sp) og settevaraordførar Arild Stenberg.
Grethe Hopland Ravn
Hyrer jurist etter flaum av innsynskrav
Under orienteringane i kommunestyret sist tysdag stilte
ordførar Mette Heidi Bergsvåg Ekrheim spørsmål om den ekstraordinære
situasjonen som no er oppstått rundt innsyn. Ho viste til at administrasjonen
må legga til side ordinære oppgåver for å handtera den aukande mengda krav.
— Når ein må leggja til side dagleg drift og
strategisk arbeid for å jobba fullt med ein stadig aukande mengd innsynskrav,
då blir ein litt bekymra, sa Ekrheim.
Kommunedirektør Åsmund Andersen Sekse stadfesta at
omfanget er langt over det kommunen normalt handterer.