Tjerand Aga Silde
Arkivfoto: Irene Mæland Haraldsen
Tilbake til normalen, og så framover
Mitt 2022 starta med forskingsopphald i USA og avslutta tilsvarande i Australia. Det er 14 år sidan eg flytta frå Etne til Haugesund for å starta på vidaregåande skule, og sidan har eg budd i lengre og kortare periodar i Trondheim, Oslo, Berkeley, Eindhoven, Aarhus og Washington DC før eg i vår kjøpte meg ein leilegheit i Trondheim med eit meir langsiktig perspektiv.
Sjølv om eg ikkje tykkjer det er sannsynleg at eg flyttar tilbake til Etne i løpet av min yrkesaktive karriere, vil erfaringane, minna og perspektiva frå å vekse opp i ei lita vestlandsbygd, alltid vere eit viktig fundament for kvardagen min. Det er ingen andre stader eg kan tenkja meg å vera for å kopla ut frå travle periodar. Sjølv om løypenettet i Trondheim står til toppkarakter, er det få ting som slår ein tur til fots eller ski i Etnefjella, og det har vorte viktig for meg å ha nokre veker heime kvart år.
Utfordrande pandemi
Pandemien har vorte utfordrande på mange måtar, både mentalt, sosialt og fysisk på individnivå, og hatt stor påverknad på samfunnet generelt. Som doktorgradsstipendiat dei siste åra har eg hatt ein privilegert stilling med ein fleksibel kvardag som enkelt kunne justerast, jobbsikkerheit uavhengig av korleis samfunnet rundt meg er Eg har stor forståing for at dei fleste andre har vore i meir utfordrande situasjonar dei siste åra, og eg er glad for at samfunnet no i stor grad har opna og er på god veg tilbake til normalen; trass krig i Europa.
Ansikt til ansikt