Emma Bjelland Ingebrigtsen er ny skribent for Grannar. Foto: Rina AspmoGrannar-skribent Emma Bjelland Ingebrigtsen, får utmerking av Nobels Fredssenter. Foto: Rina Aspmo
Emma Bjelland Ingebrigtsen.

På tampen

Tidslinja i klasserommet

Eg hugsar godt den gongen eg sat i klasserommet i sjette klasse på Vågen skule for ni år sidan, og stirra i veggen. Ved sida av tavla hang det ein lang plakat som strekte seg over heile veggen, omtrent tre meter lang. Tidslinja stod det på plakaten med store bokstavar. Det var blant anna bilete av dinosaurar, apar, pyramidar, seglbåtar og menneske. Tidslinja strekte seg over mange milliardar år, og heilt til høgre på tidslinja stod det notid. Eg brukte alltid å sitje og studere denne tidslinja, spesielt om timen var kjedeleg. Eg syntest det var ubegripeleg å tenkje på at dette var verdas historie, over 4,54 milliardar år. Og der sat eg, elleve år gammal, og syntest at mattetimen gjekk så forferdeleg seint.

Eg kan ofte tenkje tilbake på denne tida, og det får meg til å reflektere over ting. Den minner meg på at livet er alt for kort. Av og til førestiller eg meg at eg zoomar ut frå der eg er. Eg prøver å setje ting i perspektiv. Jorda er omtrent 4,54 milliardar år gammal, og eg er heldig om eg får vere her 80 av desse. Det ville så vidt ha vore ein liten prikk på den lange tidslinja i klasserommet. Om eg er heldig då. For sanninga er jo den at eg ein dag skal døy. Det skal vi jo alle. Kanskje litt ekstremt å tenkje slik meiner nokon, men det motiverer meg. Å tenkje slik motiverer meg til å ta val som er gode for meg. Gå for draumen. Ta val ut i frå det som er viktig for meg, og ikkje la andre sine meningar kome i vegen. Å gjere det eg ynskjer, og som eg kjem til å vere stolt over. Å leve for meg sjølv, og ingen andre. Det motiverer meg til å ta den sjansen, sjølv om det er skummelt. For kva har eg eigentleg å tape? Eg tenkjer på kva eg vil seie til meg sjølv om eg er så heldig og får 80 år. Vil eg vere stolt over livet mitt? Levde eg det slik eg ynskte? Tok eg val basert på eigne verdiar? Kva nettopp det er for deg, må du finne ut sjølv.

For livet det er kort. Det er realiteten. Du er berre ein nesten usynleg prikk på ei enorm tidslinje. Så kva val kan du ta som du vil vere stolt over? Kva val kan du ta som er basert på det som er viktig for nettopp deg?

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS