Grunnlagstala for jordbruksoppgjeret er forseinka.
Foto: Annika Byrde / NTB / NPK
Tala for jordbruksoppgjera i år blir forseinka
Ny dato for framlegging av tala blir måndag 14. april, fortel leiar for Budsjettnemndas sekretariatet, Lars Johan Rustad.
– Det er eit stort arbeid og me er ikkje heilt i mål med dette før over helga, seier Rustad til Nationen.
Tysdag denne veka vedtok Stortinget prinsippa for korleis inntekta til bonden skal bereknast framover. Timetalet på eit årsverk i jordbruket skal ytterlegare ned frå 1750 til 1700 etter at det i fjor vart det sett ned frå 1850 timar.