Svein Atle Aanensen (f.v.), Narve Susort, Arild Stokkenes, Signe Aarekol og Siv Almbakk.
Foto: Privat
Tysvær
Syklistar kasta glans over basar
Team Rynkeby Haugaland var strålande fornøgde med å delta på julebasaren på Falkeid! Dei gule syklistane, som ofte blir sett på dei lokale vegane, vart møtt med varme smil og mange lykkeønskingar for den kommande turen til Paris neste år.
Stemninga var på topp, og salet av produkt til inntekt for Barnekreftforeininga gjekk strålande. Det var verkeleg ein hjartevarmande dag fylt med støtte og fellesskap!