Suksess for sommarmarknad
Sist laurdag var det duka for Bjoa Sommarmarknad i Kløverhuset på Bjoa. Det flotte sommarvêret danna ei fin ramme rundt arrangementet som samla små og store til handel og drøs i solskinet.
— Dette var veldig vellukka. Me kan nesten ikkje få det betre. Det var godt vêr og folk koste seg. Folk kom med ein gong me opna. Det kom mykje meir folk enn i fjor og me hadde fleire utstillarar, seier initiativtakaren til årets marknad, Herman Westerman og er strålande nøgd med dagen.
Til saman 14 utstillarar stilte med heimelaga produkt for sal. Sju av desse kunne by på mange ulike slag planter som dei hadde dyrka fram sjølv. Bjoa Sanitetsforening stilte med eit bugnande kakebord og 4H-klubben i bygda hadde pløser, is og brus for sal.
— Alle var nøgd med salet og det gjekk nesten tomt for kaker. Også 4H-ungdommane var svært nøgd, seier han.