Nordmenn tek det for gitt at vatnet i springen kan drikkast, og at det faktisk kjem vatn når dei skrur på. Berre tre av ti har lagra drikkevatn, slik det blir tilrådd.
Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB / NPK
Styresmaktene ber folk lagre nok drikkevatn
Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap vil senke terskelen for å lagre vatn. Vasslagring er det som flest glepp på i eigenberedskapen sin.
– Folk gløymer å lagre vatn. I tillegg til å halde varmen, er vatn det viktigaste å ha tilgang på ved ei krise. Mange har allereie litt ekstra mat i huset til å klare seg nokre dagar. Slik er det ikkje med vatn. Eg vil oppmode alle til å fylle eller kjøpe nokre kanner med reint drikkevatn som ein kan ha i beredskap, seier DSB-direktør Elisabeth Sørbøe Aarsæther til NTB.
Den kommande veka er Eigenberedskapsveka 2021. DSB har i forkant oppmoda alle som sel vasskanner og -dunkar, til å gjere dei lett tilgjengelege og synlege.
Det gjeld både ferdigfylte behaldarar og utstyr som ein kan fylle sjølv.