Straumprisen aukar over heile landet frå tysdag til onsdag. Ikkje sidan 12. desember har timeprisen vore så høg på Austlandet. Illustrasjonsfoto: Javad Parsa / NTB / NPK
Straumprisen aukar over heile landet frå tysdag til onsdag. Ikkje sidan 12. desember har timeprisen vore så høg på Austlandet.

Straumprisen gjer eit byks onsdag

Frå tysdag til onsdag aukar straumprisen over heile landet. Austlandet får den høgaste time- og døgnprisen.

Publisert Sist oppdatert

Frå tysdag til onsdag aukar straumprisen over heile landet. Austlandet får den høgaste time- og døgnprisen.

På sitt høgaste blir straumprisen på Austlandet meir enn dobla til 301 øre, altså litt over 3 kroner, per kilowattime. Det skjer mellom klokka 8 og 9 onsdag morgon, skriv bransjeavisa Europower.

Det er likevel berre denne timen at straumprisen passerer 2 kroner per kilowattime. Snittprisen for dagen endar på 89 øre per kilowattime på Austlandet.

Også Sørlandet får den høgaste timeprisen mellom klokka 8 og 9. Der ligg prisen på 256 øre per kilowattime, medan på Vestlandet blir den høgaste timeprisen på 105 øre.

Lenger nord er situasjonen ein annan. Høg magasinfylling pressar prisane ned, og i Nord-Noreg fell prisen heilt ned til 1 øre per kilowattime onsdag. I Midt-Noreg fell han til 3 øre per kilowattime.

(NPK)

Powered by Labrador CMS