Elisabeth Kallevik Nesheim.
Arkiv/Irene Mæland Haraldsen
Støttar sjømannskyrkjene
Dei fleste engasjementa til Elisabeth Kallevik Nesheim (66) i Nedre Vats er kjende. Litt meir stille har det vore om foreininga ho og fem andre venninner på Haugalandet har skipa for å samla inn pengar til sjømansskyrkjene.
Namnet er Sjømannskirkeforeningen Havfruene, og innsamlingane blir stort sett gjort på tradisjonelt vis gjennom basarar.
Det var minst hundre personar som møtte opp ei kveldsstund på Nesheimstunet denne veka.
— Me blei overvelda, og trur du ikkje me fekk inn førtiåtte tuen kroner, seier Nesheim som rett nok opplyser at rundt ein femdel var selt dagane før på kjøpesenteret i Åkrehamn.