Bli abonnent – få full digital tilgang!
Kun 5 kr for 5 veker!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

Fleire av dei store norske lakseselskapa fell på Oslo Børs etter at EU-kommisjonen tysdag skulda dei for brot på EUs konkurransereglar. Foto: Erik Johansen / NTB / NPK
Fleire av dei store norske lakseselskapa fell på Oslo Børs etter at EU-kommisjonen tysdag skulda dei for brot på EUs konkurransereglar.

Stort laksefall på Oslo Børs etter EU-skuldingar

Publisert Sist oppdatert
Fleire av dei store norske lakseselskapa fell på Oslo Børs etter at EU-kommisjonen tysdag skulda dei for brot på EUs konkurransereglar.

Selskapa det gjeld er Mowi, Salmar, Lerøy, Grieg Seafood, Cermaq og Bremnes.

Alle, utanom Cermaq og Bremnes, har teke harde slag på børsen.

Rett før klokka 12 var Mowi ned 6 prosent, Salmar ned 4,5 prosent, medan Grieg Seafood var ned 6,7 prosent, skriv E24.

Kommisjonen fryktar selskapa har utveksla sensitive opplysningar knytt til salspris, volum og produksjonskapasitet, og dessutan andre faktorar som påverkar prissetjing.

Mowi stadfestar at selskapet har fått innvendinga frå EU-kommisjonen etter inspeksjonar av ei rekke norske lakseselskap i februar 2019.

Mowi bestrider kommisjonens foreløpige syn og karakteristikkene om den påståtte oppførselen i markedet for norsk oppdrettslaks og tror sterkt på at det ikke har vært noe brudd på konkurransereglene», skriv selskapet i ei melding.

Powered by Labrador CMS