Ole Aleksander Mæhle var sist veke med på den historiske børsnoteringa til Autostore. På privaten likar han å tilbringa tid med familien, spela gitar, gå på rypejakt, og skal han unna seg noko ekstra så blir det noko godt i glaset og sjokoladebollar frå Ølensvåg.
Foto: Privat
10 Kjappe
Stort å oppleva børsnotering
Han innrømmer gjerne at han er stolt av å få vera med på den historiske børsnoteringa til Autostore, og han er imponert over at pionerarbeidet til Ingvar Hognaland og Jakob Hatteland har stått seg i 25 år.
Ole Alexander Mæhle har jobba i Vats-bedrifta dei fire siste åra, og har med seg hovudfag i informatikk frå Universitet i Bergen i bagasjen. I dag er han leiar for forskings- og utviklingsavdelinga i bedrifta, og jobbar saman med omlag 150 andre med vidareutvikling av produktporteføljen.
— Kva er di sterkaste side?