Kommuneoverlege Terje Kleiven meiner vaksinestatus hos innlagde på sjukehus med covid-virus, viser at det er ein formidabel helsegevinst å vaksinere seg.
Arkivfoto: Jon Edvardsen
Storstilt vaksinering i januar
Kommuneoverlege Terje Kleiven meiner det er relativt lite smitte i Vindafjord og opplyser at mange tilfelle med covid-smitte er knytt til éin arbeidsplass. Han tilrår at personar som skal ut av karantene, bør ta prøven på teststasjonen.
På den aktuelle arbeidsplassen i Vikebygd er 21 smitta og er i karantene på brakkerigg, opplyser kommuneoverlege Terje Kleiven på Vindafjord kommune si nettside.
Der oppsummerer han status for pandemien den siste veka. Ifølgje Kleiven er ein del av dei smitta i kommunen fastbuande. Alle tilfella er delta-varianten og Vindafjord ikkje har hatt tilfelle av omikron.
PCR-test er gullstandard