Salet av hytter og andre fritidsbustader sokk med 28 prosent i fjerde kvartal i fjor, ifølgje tal frå SSB. I gjennomsnitt for heile 2022 vart det omsett 30 prosent færre fritidsbustader enn i pandemiåret 2021.
Illustrasjonsfoto: Terje Pedersen / NTB / NPK
Stor nedgang i hyttesalet
Tala frå fjerde kvartal stadfestar utviklinga for heile 2022, skriv Statistisk sentralbyrå (SSB).
Om ein samanliknar heile 2022 med 2019, året før pandemien, er det omsett 5 prosent færre fritidseigedommar i fritt sal. Samanliknar ein 4. kvartal 2022 med 4. kvartal 2019, er nedgangen på 20 prosent.
Tala viser dermed at omsetninga er litt lågare i 2022 enn året før pandemien, ifølgje SSB.