Bli abonnent – få full digital tilgang!
Kun 5 kr for 5 veker!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

Prosessleiar Annelin Bauge og kommunalsjef for helse, Sigurd Gjerdevik hadde eit stort publikum på Vindafjordtunet. FOTO: KITTY SOLTVEDT/VINDAFJORD KOMMUNE
Prosessleiar Annelin Bauge og kommunalsjef for helse, Sigurd Gjerdevik hadde eit stort publikum på Vindafjordtunet.

Stor interesse for sjukeheimane si framtid

Publisert Sist oppdatert

— Me vil takka alle som kom på møta og for deira spørsmål og innspel, som vert tekne med vidare, skriv Vindafjord kommune på nettsida si.

Vindafjord har i dag to sjukeheimar, Ølen omsorgssenter og Vindafjordtunet i Vats. I budsjettet for 2025 vedtok kommunestyret å bruke 1,5 millionar kroner på å kartleggje og potensielt planleggje ei omlegging til éin sjukeheim. Grunna kapasitet er Vindafjordtunet det mest aktuelle. Det er oppretta ei prosjektgruppe som arbeider på mandat frå kommunedirektør Yngve Folven Bergesen si leiargruppe.

Måndag var det informasjonsmøte for bebuarar/pasientar og pårørande på Vindafjordtunet om prosjektet, der ein ser på samanslåing av institusjonsdrifta og moglege påverknadar på pleie- og omsorgstenester. Tysdag var det eit tilsvarande møte på Ølen omsorgssenter.

Powered by Labrador CMS