Møterommet på Imsland bygdahus var fullsett under pensjonisttreffet.

Stor interesse for bygda si framtid 

Om lag halvparten av alle pensjonistar i Imsland deltok under pensjonisttreffet på bygdahuset då etterbruk av skulen og eventuell bygging av eldrebustader stod på programmet.

Publisert Sist oppdatert

Kor skal folk i Imsland bu på sine gamle dagar og kva blir lagnaden til det tidlegare skulehuset?

Dette er spørsmål som opptek innbyggjarane i Imsland og under pensjonisttreffet var det nettopp framtida til den vesle grenda som stod på programmet. Over 40 personar i godt vaksen alder stilte opp på treffet på grandahuset, noko som er om lag halvparten av alle pensjonistane i bygda.

Pensjonistforbundet Vindafjord var også invitert til møtet og nestleiar Sverre Andersen nytta høvet både til å fortelja om forbundet og informera om behovet for tilrettelagte bustader i Vindafjord kommune i åra som kjem.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS