Bli abonnent – få full digital tilgang!
Kun 5 kr for 5 veker!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

Tettare på

Stor framtidstru etter kanonår

Publisert Sist oppdatert

— Eg har veldig store forhåpningar til framtida. Med dei planane me har ser eg ingen grenser, seier styreleiar Johannes Helgevold i Helgevold Elektro AS, som grunnla selskapet i 1987.

Hovudkontoret deira ligg i Johannes Helgevold si heimbygd Sandeid. I tillegg har selskapet lokasjonar i Haugesund, Bygnes, Skudeneshavn, Tysvær, Suldal, Etne, Skjold, Skånevik, Kinsarvik, Stord og Bergen. Dei har oppdrag i fleire nordiske land.

Helgevold Elektro er i dag den leiande automasjon- og elektroentreprenøren på Haugalandet. Dei gjer oppdrag innan industri, prosjekt, akva, service og hus og heim.

— Me har mange spennande prosjekt på gang, seier Johannes Helgevold.

Frå garasjen til størst i regionen

Historia om Helgevold Elektro starta i Johannes Helgevold sin garasje i Sandeid i mai 1987. Han omtalar utviklinga sidan då som fantastisk.

— Då eg starta hadde eg fingrane i alt, mens i dag er det ein proff organisasjon. Det er også forskjell på å ikkje ha kapital slik det var i starten, kontra å ha det og kunne investere slik me kan nå, seier Johannes Helgevold.

Målet hans har alltid vore å bli best mogleg, ikkje å få ein dominerande marknadsposisjon i seg sjølv. Styreleiaren ser kvalitet i samanheng med vekst. Spurt om når han skjønte at selskapet var i ferd med å bli den leiande aktøren på Haugalandet, svarar han at det skjedde noko i 2007 då dei kjøpte seg inn i Sundfør & Pedersen og Bravida si avdeling i Haugesund. Johannes Helgevold synest det er veldig kjekt å ha starta opp ei bedrift som han i dag ser som eit veldrive selskap i stor utvikling, men er tydeleg på at det ikkje berre er hans forteneste.

— Eg har alltid hatt med veldig flinke folk som har gitt jernet, seier styreleiaren, som også vil framheve kona Heidi som har bidratt i alle år og framleis jobbar på kontoret i Sandeid.

Samtidig som Helgevold Elektro veks, held dei på røtene sine. Snart er alle dei ti første tilsette saman i bedrifta igjen. Johannes Helgevold fortel at han får veldig mange positive tilbakemeldingar frå folk i Sandeid på det selskapet har fått til og at dei satsar og bygger ut i bygda.

Fin oppvekst

Johannes si dotter, Anne Marit Helgevold Heggebø, var seks år gammal då faren starta Helgevold Elektro. For ho var selskapet ein naturleg del av oppveksten og minnast at det var lite skilje mellom jobb og privatliv. Ho begynte tidleg å svare på telefonar og gjere andre småoppgåver.

— Det gav meg gode verdiar og lærte meg mykje om kva som skal til for å lykkast, seier Helgevold Heggebø.

Ho fortel at faren stilte opp for ho då det var viktige ting på privaten, sjølv om det var travelt å vere leiar. I dag er ho styremedlem, ein av eigarane, og direktør for Business Support & Strategi. Dette var ikkje ein sjølvfølge for ho. I ung alder såg Helgevold Heggebø ikkje for seg at selskapet skulle bli så stort at det skulle bli behov for andre enn elektrikarar, noko ho ikkje hadde planar om å bli.

Nyleg blei Anne Marit Helgevold Heggebø og Johannes Helgevold nominerte til vekstprisen EY Entrepreneur Of The Year Norge saman. Helgevold Heggebø synest det var stas å bli nominert saman med faren.

Unikt år

2023 er truleg blant dei mest innhaldsrike åra i Helgevold Elektro si historie. I januar blei Helgevold Elektro AS og Helgevold Elektro Haugesund AS slått saman til eit selskap. I samband med samanslåinga erklærte selskapet eit mål om å nå 500 millionar kroner i omsetnad i 2025. I 2022 omsette selskapet for 270 millionar kroner.

— Me er i rute til å nå målet, og ligg an til å omsette for litt i underkant av 400 millionar i 2023, fortel Helgevold Heggebø.

Like etter samanslåinga annonserte dei planar om å tilsette 100 nye i bedrifta i løpet av året. Dette har dei klart. Talet er inkludert cirka 30 lærlingar. Helgevold Heggebø opplyser at dei alltid har hatt som mål at lærlingar skal bli faste tilsette etter fullført fagbrev.

Fokuset på straumprisar, det grøne skiftet og smarte løysingar dei siste åra har hatt positiv effekt for Helgevold Elektro. Lokalt har Vindafjord IL og Ølen IL skaffa fotballbanane sine i Sandeid og Ølen LED-lys med hjelp av selskapet, mens Skakke fekk montert 1.042 solceller på taket på Etne si storstove etter ein kontrakt på cirka fem millionar.

I april blei det kjent at Helgevold skal prosjektere installasjonen, levere prosesskabling, automasjon og kontrollsystem til Hima Seafood, som byggjer verdas største landbaserte oppdrettsanlegg for aure på Rjukan. Avtalen er verdt rundt 80 millionar og er den største nokon gong for Helgevold.

Bjørn Tollefsen starta som konsernsjef for Helgevold Elektro i januar. Han omtalar det første året sitt som aktivt og spennande, og roser dei tilsette for omstillingsevna i samband med samanslåinga av Helgevold Elektro AS og Helgevold Elektro Haugesund AS. Med låg arbeidsløyse på Haugalandet er han glad for å ha klart 100 tilsettingar i ein tøff marknad.

Powered by Labrador CMS