Talet på drukningsulykker har tidlegare hatt ei positiv utvikling, men i fjor var det heile 95 personar som omkom. Det er 20 prosent fleire enn året før.
Foto: Vidar Ruud / NTB / NPK
Stor auke i drukningsulykker i 2024
20 prosent fleire døydde i drukningsulykker i 2024 enn i 2023. No blir det meir promillekontroll på sjøen.
I fjor døydde 95 personar drukningsulykker i Noreg, ifølge tal frå Redningsselskapet. No kjem regjeringa med ein ny handlingsplan for å styrke førebyggingsarbeidet.
– Handlingsplanen skal bidra til ein samla og styrkt nasjonal innsats mot drukningsulykker, seier fiskeri- og havminister Marianne Sivertsen Næss, i ei pressemelding.
Blant tiltaka til regjeringa er å vurdere å ha meir politi på sjøen, dei vil ha fleire promillekontrollar på sjøen og dei vil revidere kompetansekrava til båtførarprøva.