Vindafjord-budsjettet
— Stoppar heile bygda
— Skulen er det viktigaste me har, sa Aleksander Teimann Bjørnø i Bjoa Bygdeutviklingslag etter formannskapsmøtet tysdag.
Fredag signerte han ein lang uttale frå bygdeutviklingslaget med tittelen: Skulenedlegging ein katastrofe for Bjoa og ei tikkande bombe under den offentlege skulen i heile Vindafjord kommune». I konklusjonen skreiv han at bygdeutviklingslaget, utifrå omsynet til borna på Bjoa, framtida for bygda, framtida for kommunen og alle dei uavklara konsekvensane, protesterer mot forslaget om nedlegging av Bjoa skule. Berre ei langvarig freding av framtida for skule og barnehage kan skapa grunnlag for optimisme og vekst, både på Bjoa og elles i kommunen, skreiv Bjørnø.
Les alle sakane om budsjettet her: Vindafjord-budsjettet
Under tysdagens møte i formannskapet hadde han på seg ein Bjoa IL-genser, med sambygdingen Leif Bjarne Klette Steinsland ved si side. Etter møtet sa Bjørnø at han har tru på ro rundt skulen etter skulebruksplanen, og at det har begynt å komme folk til bygda.
— Nedlegging sett ein stopp for heile bygda, meiner bygdeutviklingslagsleiaren.
Tungt å foreslå
Leif Bjarne Klette Steinsland er, i likskap med Bjørnø, svært kritisk til forslaget om å leggje ned Bjoa skule. Med eit slikt grep meiner han at kommuneplanen, som blei vedteken tidlegare i år, allereie ser ut til å smuldre, og viser til effekten på buattraktiviteten på Bjoa. Han seier at han har to herlege døtre og peiker på konsekvensane for dei yngste om dei må gå på skule i Ølensvåg.
— Ti timar pendling i veka for førsteklassingar er galskap, seier Leif Bjarne Klette Steinsland.
Debatten i formannskapet var eit høve for politikarane til å diskutere med kvarandre og få svar frå kommunedirektør Yngve Folven Bergesen om hans forslag til budsjett for 2025 og økonomiplan for 2025–2028.
Kona til Leif Bjarne, Anna Klette Steinsland (Vindafjordlista), er den i formannskapet som har vore tydelegast i skepsis til forslaget om å leggje ned Bjoa skule, så vel som barnehagen og skulen i Imsland. Ho grilla kommunedirektøren om grunnskuletillegg (eit fast tilskot på ein halv million kroner per grunnskule i ein kommune frå staten), skuleskyss, framtida for bygdahus og dei mange endringane på Vågen oppvekstsenter dei siste åra.
— Det er på ingen måte med lett hjarte dette forslaget blir lagt fram, sa kommunedirektøren.
Han uttala at prosessen då ein flytta mellomtrinnet frå Bjoa til Vågen oppvekstsenter ikkje var heldig, sidan ein prøvde i det lengste å få på plass nok kvalifiserte lærarar på Bjoa, men at det har gått greitt så langt i skuleåret. Han fortalde også at det ikkje er praksis for kommunen å gi driftstilskot til bygdahus i nokre av bygdene, og at ei endring på det vil vere eit spørsmål for politikarane. Kommunen har ein leigeavtale med Imsland bygdahus på 180.000 kroner i året til bruk for Imsland oppvekstsenter, som han meiner det vil vere naturleg å seie opp om ein vedtar å leggje ned oppvekstsenteret.
Vil nyansere
Bakgrunnen for forslaget om nedleggingar er synkande elevtal, vanskar med rekruttering og den økonomiske situasjonen til kommunen. Då skulebruksplanen blei behandla i 2022, stemte Ap og Høgre for å leggje ned skulane på Bjoa og Imsland. Høgre hadde også nedleggingane med i sitt alternative budsjett for 2024. Therese Nesheim (H) føler det er eit behov for å nyansere bilete av oppfatningane i bygdene.
— Det kjem også signal frå folk som meiner at det er ei ønska endring, sa Nesheim.
Ho poengterte at dette ikkje er så populært å seie høgt. Ho er sterkt bekymra for at ein har ein stor auke i ufaglærte i skuleverket og barnehagen. Ho trur at kommunen kjem til å sjå store konsekvensar av det over tid.