Vindafjord-budsjettet
Stilte opp for skule og barnehage
Godt over 100 små og store hadde tatt turen til rådhuset i Ølen torsdag kveld for å visa si sterke misnøye med nedlegging av Bjoa skule og Imsland skule og barnehage.
— Det kjem til å bli kjedeleg. Nå går me på ein liten skule der ingen kranglar, seier 9 år gamle Tuva Vølstad Stople frå Bjoa og viser fram en knallraud plakat der ho har skrive at ho elskar skulen sin og der ho ber om at skulen ikkje blir lagt ned.
9-åringen frå Bjoa var ikkje aleine om å visa si meining om skulenedleggingsforslaget som fekk fleirtal under formannskapsmøtet i slutten av november. Ved inngangspartiet til rådhuset vrimla det av folk i alle aldrar, fulle av kamplyst for skulen og barnehagen. Mesteparten av dei frammøtte kom frå Bjoa og Imsland, men mange kom også frå andre bygder i kommunen. Målet med demonstrasjonen var å få politikarane til å snu i skulesaka og minna dei på kva følgjer nedlegging vil ha for alle som bur i bygdene.
— Me må ha skule. Det blir vondt for ungane å sitja så lenge på buss på dårlege vegar. Blir skulen lagt ned må me flytta, og då blir det ut av Vindafjord, seier Ove Stople frå Bjoa og håpar politikarane snur i skulesaka.
Ønskjeliste
Det var ikkje tilfeldig at engasjerte bygdefolk hadde valt nettopp denne kvelden for å visa si meining. Klokka seks var det duka for gruppemøte i dei ulike partia, og etter kvart som politikarane kom fram til rådhuset blei dei møtt av taktfaste rop om nei til nedlegging. I tillegg fekk dei utdelt kvar sitt ark med bygdefolket sine ønskjer for framtida.
— Det er bra at dei engasjerer seg for bygda, seier Geir Berge (H) i det han er på veg inn mot rådhuset.
Berge står fast på partiet sitt syn på den framtidige skulestrukturen og er tydeleg på at nedlegging ikkje er til å unngå.
— Det er synd, men det er økonomien som bestemmer. Det tvingar seg fram, seier han.
Vikebuen Solveig Hortman (Sp) deler ikkje same meining som fleirtalet i partiet ho representerer. Ho har tatt turen til Ølen for å visa si motstand mot nedleggingsforslaget.
— Me er litt ueinig i partiet. Det er trist, men eg kan ikkje gå mot det me har gått til val på, seier Hortman og fryktar at bygda ho bur i kan koma til å stå i same situasjon ein gong i framtida.
— Eg fryktar Vikebygd kan bli neste, seier ho.