Therese Nesheim er ein av motorane» bak ungdomsklubben i Skjold for tida.
Foto: PrivatFOTO: Anita Haugland
Stiller alltid opp for bygda
— Eg bruker mykje av fritida mi på frivillig arbeid fordi eg meiner det er eit felles ansvar at samfunnet vårt er ein god plass å vere og vekse opp. Det skjer ingenting viss ikkje nokon engasjerer seg, seier Therese Nesheim.
Mange roller
Engasjementet til 39-åringen spenner vidt. Ho er med på alt frå å sette opp revyar i ungdomslaget til politisk arbeid i Høgre.