Styreleiar Solveig Hortman og partimedlem Gunnar Birkeland i Vindafjord Sp synest det er trist at partiet vil leggje ned skular.
FOTO: PRIVAT
Vindafjord-budsjettet
Sterkt kritiske til eige parti
— Eg synest det er trist at skulane blir totalt forbigått, seier Gunnar Birkeland.
Han var med på Vindafjord Sp sitt medlemsmøte måndag 2. desember. Bakgrunnen for møtet var at Sp saman med KrF og Ap vedtok eit budsjettforslag om å leggje ned skulen på Bjoa og barnehagen og skulen i Imsland under formannskapsmøtet 26. november. Desse partia har fleirtal i kommunestyret med 13 representantar og inngjekk ein avtale om budsjettsamarbeid etter valet i 2023.
Lei seg