Iben Skogen Johnsen og Kristoffer Grønstad (t.v.) ute i felten for det som nå er BKK avdeling Etne, tidlegare Etne Elektrisitetslag. Nettleiga for Etne og omegn har blitt betydeleg lågare etter at storselskapet tok over.Arkivfoto: Jon Edvardsen
Iben Skogen Johnsen og Kristoffer Grønstad (t.v.) ute i felten for det som nå er BKK avdeling Etne, tidlegare Etne Elektrisitetslag. Nettleiga for Etne og omegn har blitt betydeleg lågare etter at storselskapet tok over.

Sterk betring på nettleige-prisen

Nettleige-prisane gjekk markant ned i Etne og Vindafjord etter at større nettselskap har overtatt for dei små dei siste åra, og differansane held seg på nivået som vart lova.

Publisert Sist oppdatert

Dei siste registrerte nettprisane til Etne El-lag, før dette blei ein del av storselskapet BKK i 2018, kunne ifølge Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) samlast til 70,48 per kilowatttime (kWh). Som det kjem fram av nettsidene til NVE, inngår her ei omrekning som inkluderer fastprisen, det forbruksavhengige energileddet, den statleg fastsette og varierande elavgifta (forbruksavgifta) for den aktuelle perioden, samt 25 prosent meirverdiavgift. Tala i denne saka stammar alle frå direktoratet, og desse pris-faktorane skal vere lagt til grunn for dei.

Gitt eit forbruk på 20.000 kilowatt, som representerer eit standardisert gjennomsnitt for norske privathushald, kosta nettleiga hjå Etne El-lag 14.096 kroner i året i 2018. Nåverande nettleige hjå BKK Nett for eit gjennomsnittleg årsforbruk av straum er 10.358 kroner, som dermed er 3.738 kroner billegare enn før. Det stemmer dermed godt med lovnadane som blei gjort i forkant av BKK si overtaking i Etne, då det blei førespegla at prisen for ein gjennomsnittskunde kunne gå ned med 3.000-3.500 kroner i året.

Blant dei billegaste i landet

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS