Dagleg leiar Jørgen Jorde i Windafjord Port.
Dagleg leiar Jørgen Jorde i Windafjord Port.

Energi

— Startskotet me har venta på

Publisert Sist oppdatert

— Dette er veldig positivt for utviklinga av flytande havvind i Noreg, og er startskotet me har venta på, seier dagleg leiar Jørgen Jorde i Windafjord Port.

I november 2024 annonserte styret i selskapet at dei utsette oppstarten av fase 1 i den planlagde utviklinga av industriområdet i Vikebygd. Bakgrunnen var utsetjinga av Utsira Nord, uavklarte rammevilkår for flytande havvind i Nordsjøen og auka utbyggingskostnader, heitte det i ei pressemelding frå Windafjord Port den gongen.

Ein reguleringsplan for heile prosjektet har nyleg vore på høyring. I tillegg til Windafjord Port har AF Gruppen planar om eit liknande prosjekt på miljøbasen sin på Raunes i Vats.

Dommersnes AS/Windafjord Port

Dommersnes AS, marknadsført som Windafjord Port, blei oppretta i 2023 for å utvikle Dommersnes industriområde i Vikebygd, med sikte på serieproduksjon til havvindnæringa. Vindafjord kommune og Westcon eig kvar sin halvdel av selskapet.

I 2024 fekk selskapet byggjeløyve til fase 1 i den planlagde utviklinga av industriområdet. Denne delen av utbygginga omhandla utsprenging av eit samla område på 54 dekar innanfor det tidlegare nytta området på Dommersnes. Westcon skal gjennomføre arbeidet i fase 1 mot ein kommunal eigedom blir overført til Windafjord Port. Sidan dette ikkje er blitt gjort enno eig Vindafjord kommune framleis eigedommen.

Fase 1 er første steg i planane om utvikling av industriområdet på Dommersnes til potensiell serieproduksjon til havvindnæringa, og omhandlar tidlegare nytta område. Fase 2 legg opp til å ta enda meir areal i bruk, mens fase 3 vil krevje alle dei over 500 måla som regulerte til industri og at Vikevegen blir lagt om.

Ein reguleringsplan for heile prosjektet var nyleg på høyring.

35 milliardar

I ei pressemelding måndag kunngjorde Energidepartementet at dei lyser ut konkurranse om tre prosjektområde i Utsira Nord. Prosjektet skal leggja til rette for auka produksjon av fornybar kraft, teknologiutvikling og nye vekstmoglegheiter for leverandørindustrien. Kvar aktør kan søkja om å etablera flytande havvindprosjekt med ei installert kapasitet på inntil 500 MW. Søknadsfristen er sett til 15. september 2025.

— Dette markerer eit viktig steg vidare i regjeringa si satsing på havvind. I tillegg til å sikra kraftproduksjon til ein del av landet med stort kraftbehov, gir utlysinga store moglegheiter for nye kontraktar til leverandørindustrien, seier energiminister Terje Aasland (Ap) i pressemeldinga.

Tildelinga vil skje i to steg, med ein modningsfase imellom. I første steg blir prosjektområda gitt til dei aktørane som skårar høgast på kvalitative kriterium som kostnadsnivå, teknologiutvikling, gjennomføringsevne, berekraft og ringverknader.

Etter modningsfasen vil det bli gjennomført ein eigen konkurranse om statsstøtte. Her vil éin aktør bli vald ut – den som krev minst økonomisk støtte for å realisera prosjektet sitt. Øvre grense for statsstøtte er sett til 35 milliardar kroner, fastsett av Stortinget.

Regjeringa har signalisert at det vil koma jamlege utlysingar av nye areal og støttekonkurransar framover. Samstundes har NVE fått i oppdrag å gjennomføra strategiske konsekvensutgreiingar for identifiserte havvindområde. Desse skal vera ferdige innan utgangen av juni 2025 og vil, ifølgje pressemeldinga, gi avgjerande kunnskap om mellom anna samverknad med andre næringar og miljøomsyn.
Olje- og energiminister Terje Aasland (Ap), her frå då han nyleg annonserte at Statnett får konsesjon til å byggje kraftoverføringa frå Blåfalli i Kvinnherad til Haugaland Næringspark i Tysvær.

Regional jubel

Regjeringa meiner det er viktig at utbygginga av Utsira Nord kjem lokalsamfunnet på Utsira til gode, og vil koma tilbake med ei konkret løysing for å sikra dette i samband med statsbudsjettet for 2026.

Nyheita blir tatt godt imot av dagleg leiar Sigmund Lier i Haugaland Vekst IKS. I ei pressemelding fortel han at dei er glade for utlysinga. Han meiner dette er ein viktig milepæl for utviklinga av norsk havvind – og ikkje minst for grøn industribygging på Haugalandet. Vidare har han store forventningar til at tildelinga, når ho kjem, vil gi betydelege ringverknader for regionen.

— Havvind handlar ikkje berre om energi. Det handlar om arbeidsplassar, teknologiutvikling og ny industri. Med Utsira Nord ligg alt til rette for at Haugalandet kan bli ein motor i det grøne skiftet – med meir kraft til både eksisterande og nye næringar, seier Lier.
Powered by Labrador CMS