Astrid Harboe Fagerjord, kontaktperson for familiespeiding i Etne speidar. Privat foto.
Astrid Harboe Fagerjord, kontaktperson for familiespeiding i Etne speidar. Privat foto.
privat foto
privat foto
Frå eit tidlegare arrangement i regi av Etnespeidar. I år vil det bli på Olav Vik. Arkivfoto: Privat
Frå eit tidlegare arrangement i regi av Etnespeidar. I år vil det bli på Olav Vik.

Startar familiespeiding

Etter nokre år utan at det har vore familiespeiding i Etne, vil ei engasjert foreldregruppe starta opp igjen.

Publisert Sist oppdatert

Det har tidlegare vore eit utbreidd og aktivt speidarmiljø i Etnebygda, men då koronaen kom stoppa det opp. Astrid Fagerjord Harboe er nå kontaktperson for familiespeiding i Etne. Ho prøvde også å starta opp rett før koronaen kom, men det blei ikkje noko av den gong. Nå vil ho prøva igjen saman med to andre familiar.

— Familiespeiding er ein fin måte å treffa folk ein ikkje treffer elles, det blir eit nytt møtepunkt der ein kan bli kjent med andre, seier ho.

Dei legg terskelen lågt. Opplegget er først og fremst laga for barn i førskulealder, men Fagerjord håpar på at det kan vera kjekt for heile familien. Alle er velkomne. Det viktigaste er å koma ut i naturen, og at barna får gode opplevingar trass ver og vind. Det blir familiespeiding tre laurdagar fram mot jul. Speidaren i Etne har mykje utstyr som dei kan bruka.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS