For leiar Aleksander Teimann Bjørnø i Bjoa bygdeutviklingslag er heimbygda Bjoa og skulen svært viktig.
Foto: Irene Mæland Haraldsen
Står på for heimbygda
Han er ikkje i tvil om at Bjoa er verdas beste stad å bu, og stiller meir gjerne opp når det trengst eit tak til beste for bygda. For 24 år gamle Aleksander Teimann Bjørnø er ordet nei aldri eit alternativ når noko skal gjerast til felles beste.
— Eg er med på det ein kan vera med på, og som har med Bjoa å gjera. På Bjoa stiller alle opp på dugnad og hjelper kvarandre. Det er det fine med å bu her. Alle hjelper til, og ingen seier nei til dugnad. Det er berre å oppgje klokke og plass, så er dei der. Mange unge er involverte i ulike saker og me unge likar å jobba saman med dei litt eldre. Det er sunt å samarbeida og dei eldre har mykje å læra bort, seier Aleksander Teimann Bjørnø og stortrivst i bygda der han vaks opp.
Den arbeidsame 24-åringen har trass i sin unge alder, ei lang rekkje av aktivitetar han fyller fritida med. Det meste kjem fellesskapet i heimbygda til gode. Han har ei sentral rolle i Bjoa Bygdeutviklingslag der målet er å skapa ulike aktivitetar for bygdefolk og tilreisande, og han hadde ein avgjerande finger med i spelet for å få fart på fotballen etter ei tid med laber aktivitet.
— Eg er styremedlem i idrettslaget, og i fjor var eg med og danna seniorlaget. Me hadde eit fotballag i 7. divisjon, men nå er det gått til Ølen. Men me vil prøva å få det opp igjen, seier Bjørnø og ønskjer alle fotballinteresserte velkomne til fotballbanen for om mogleg å danna eit nytt lag.