Bli abonnent – få full digital tilgang!
Kun 5 kr for 5 veker!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

Vg1 elektro skil seg ut ved den vidaregåande skulen i Ølen. Arkivfoto
Ølen vgs.Arkivfoto

Stabilt for skuleinntak

Publisert Sist oppdatert

Inntaket for dei vidaregåande skulane i Rogaland blei klart i går. 18 064 elevar har fått plass i førsteinntaket for skuleåret 2019/2020. Av desse har 15 256 fått tilbod om sitt første ønske. Om lag 22 365 har søkt vidaregåande opplæring, noko som er rundt 300 færre enn i fjor. Søkartalet inkluderer også 2345 primærsøkarar til læreplass i bedrift. Det er ei auke på omtrent 100 elevar frå inntaket i 2018.

Endringane er små frå i fjor ved skulane som tilbyr Vg1 studiespesialiserande, og det er framleis hard konkurranse om plassane på Vg1 musikk og Vg1 idrettsfag ved nokre skular. I fylket er det idrettslinja ved Sandnes vidaregåande skule som har det høgaste inntakskravet, med 45,3 poeng.

Blant dei yrkesfaglege utdanningsprogramma er det elektrofag og helse- og oppvekstfag som krev høgast poengsum for inntak til første vidaregåande. Som vanleg er det rift om plassane på Vg3 påbygg, og ved dei fleste skulane treng ein rundt 40 poeng for å kome inn i førsteinntaket.

Powered by Labrador CMS